Aksjonsveka på Stranda :)
oktober 20, 2009, 7:18 pm
Arkivert under: Uncategorized

Kvart år blir ungdomstrinnet på Geiranger skule invitert til aksjonsveka mot narkotika, der det er underhaldning heile dagen, der det ofte re kjente folk som underhaldar. Dette er ikkje berre underhaldning, men det er også for å få oss til å tenkje over at narkotika ikkje er ein bra ting i det heile tatt, og at det er veldig vanskeleg å slutte å ta narkotika. I år var “mini” programleiar, og Francois frå robinson ekspedisjonen halda eit foredrag først og der etter halda Eddie Eidsvåg eit foredrag. Det var vel helst Eddie som var mest morsom, men Francois sa mest om det å være annleis og om narkotika.

Det er alltid like kjekt kvar gong!

Bloggast ! :)



Veldig lite… :/
oktober 18, 2009, 5:49 pm
Arkivert under: Uncategorized

Sorry for at det ikkje har blitt noko skriveri i det siste, men eg har ikkje noko særleg å skrive om…. Skal prøve å finne noko som kan væra interresant for de som les denne bloggen :)



Suksess !
oktober 12, 2009, 7:13 pm
Arkivert under: Uncategorized

Konsert for fylkestinget i Møre og Romsdal er ikkje berre, berre. Eg hadde mange sommarfuglar i magen når vi sto klare for å gå inn. Det gjekk minst ein halvtime før vi fekk komme inn å gjere det vi skulle, men vi tok heile salen med storm ! Trur til og med vi kjem på TV ! ( det var iallefall nokon som filma,og kameraet såg ganske profft ut :P ) Det vi sang var : Fragile av Sting, Angel, Harsh Mistress og Lean on me. Til lean on me hadde vi bevegelsar som heile salen vart med på. Det såg ut til at salen koste seg, og det gjorde vi også :D

Bloggast !



Kle <3
oktober 7, 2009, 5:36 pm
Arkivert under: Uncategorized

Ahhhh…. He vør i byen å shoppa :D Kjempekjekt å få berre nye fine ting, og ha dei på seg etterpå og berre føle seg bra i dei :D Denne gingen var eg skikkeleg heldig også, fordi eg fann berre ting eg likte kjempegodt :D Kjøpte også høghela sko ( eg går ikkje i høghela sko, klarar det berre ikkje. Vriklar føtene mine heile tida :S) og det var fordi eg skal ha dei til ABBA-konserten, der eg og to andre venninde skal synge mange songar, og alle har iallefall fire songar aleine . GLEDAR MEG!



Au ! :S
oktober 3, 2009, 8:36 pm
Arkivert under: Uncategorized

E he skikkeleg låkt i fingeren min :S Eg skulle laga pizza til familien, åsso mens e skal opp sopp klarte e å skjere langt inn i fingeren min. Blodet berre rann, flaks at eg ikkje blir kvalm av blod :P Eg kan fortelje korleis reaksjonen min var : ” AU! HELVETTE!” . Dette er ikkje ein vanleg reaksjon hos meg, men det berre glapp ut :P

+ Det er ingenting å gjer på no… Alle er jo bortreist :(

Bloggast :D




Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.